Austlandet betalte mest i bompengar
Folk på Austlandet betalte i snitt 1 340 kroner i bompengar pr. innbyggjar i 2009. Nordlendingar slapp med 62 kroner i bompengar i snitt pr.innbyggjar same år, skriv vegvesen.no.
Det viser ei oversikt over bompengeinntekta frå alle bompengeselskap i Noreg for 2009.
Folk på Vestlandet betalte i snitt 1 297 kroner pr. innbyggjar i bompengar i 2009, mens sørlendingar måtte ut med 1 107 kroner pr. hovud og trøndere med 785 kroner kvar i bompengar.
Til Austlandet regnes i denne oversikten dei åtte fylka Østfold. Akershus, Oslo, Hedmark, Oppland, Vestfold, Buskerud og Telemark. Det er også verd å merke at verken Telemark eller Buskerud hadde bompengeprosjekt i 2009. Til Sørlandet regnes Agderfylka i denne oversikten. Vestlandet omfattar Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, Midt-Noreg, eller Trøndelag, består av Sør- og Nord-Trøndelag, mens Nord-Noreg omfattar Nordland, Troms og Finnmark.
Oslo største mjølkeku
Oversikten over inntektene i samtlege bompengeprosjekt i 2009 viser at bomringen i Oslo og hovudvegutbygginga Oslo/Akershus er landet si desidert største inntektskjelde. Her la bilistane igjen heile 2,137 mrd. kr i bompengar i 2009. Frå 13 bompengeprosjekt på Austlandet kom det i 2009 inn heile 3,245 milliardar kroner, frå Sørlandet sine fire bompengeprosjekt kom det inn 308 millionar kroner. Vestlandet sine 28 bompengeprosjekt hadde 1,638 milliardar kroner i inntekter i 2009, Trøndelag sine fem bompengeprosjekt hadde 331 millionar kroner i inntekter, mens dei to bompengeprosjekta i Nord-Noreg fekk inn 29 millionar kroner.
Femdobbelt
Bilistar legg for eksempel igjen over fem gonger så mange pengar i bomringen i Oslo som trafikantane som passerer bomringen i Bergen. Her er oversikten over dei mest inntektsbringande bompengeprosjekta i Noreg i 2009:
1.Hovudvegutbyggingen Oslo/Akershus: 2,137 milliardar kroner
2.Bompengeringen Bergen: 387 millionar kroner
3.Nord-Jæren: 319 millionar kroner
4.E18 Vestfold: 273 millionar kroner
5.Østfoldpakka: 258 millionar kroner
6.E6 Trondheim-Stjørdal: 191 millionar kroner
7.Haugalandspakken: 164 millionar kroner
8.E6 Svinesundforbindelsen: 157 millionar kroner
9.E39 Trekantsambandet: 150 millionar kroner
10.Tønsbergpakka: 141 millionar kroner
11.E18 Aust-Agder: 131 millionar kroner
12.Rv. 23 Oslofjordforbindelsen: 130 millionar kroner
13.E18 Kristiansand: 110 millionar kroner
14.E39 Krifast: 98 millionar kroner
15.E39 Thamshavn-Øysand: 83 millionar kroner