Løyve til Storvatnet kraftverk
NVE gjev Firma Albert Collett ANS løyve til å byggje Storvatnet kraftverk i Storvasselva i Nærøy kommune i Nord-Trøndelag.
Denne artikkelen er over ti år gammel.
Kraftverket vil gje ein årleg fornybar energiproduksjon på om lag 6,2 GWh/år, noko som svarar til straumbruken til rundt 300 husstandar.
Firmaet Albert Collett ANS har søkt NVE om løyve til å nytte eit fall mellom kote 111 og kote 90 i Storvasselva. Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 1,4 MW, og ein årleg produksjon på omlag 6,2 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 310 husstandar.
Dei negative effektane av ei utbygging er i hovudsak knytt til reindrift, fisk og landskap. Rørgate og veg til kraftverket kryssar ei trekklei og området nyttast som beiteområde for rein frå sein haust til tidleg vår. Området er òg rikt på samiske kulturminne og potensialet for nye funn er vurdert som stort. NVE meiner tiltaket må justerast etter eventuelle funn. Fråføring av vatn vil redusere opplevingsverdiar på ei mindre strekkje i nedre delar av tiltaksområdet. Verknader av tekniske inngrep kan etter vår oppfatning dels avbøtast ved god detaljplanlegging og oppfølging i anleggsperioden. NVE meiner at aurebestanden i vatnet Damtjønna vil kunne oppretthaldast viss det blir sleppt tilstrekkelig minstevassføring heile året. Det er i dag ikkje pålegg om slepp av minstevassføring frå dammen. Krav om minstevassføring vil kunne betre situasjonen i eit vassdrag som i dag i periodar er tilnærma tørrlagd.
For å bøte noe på verknadene for landskap og fisk skal det sleppast ei minstevassføring på 500 l/s om sommaren og 250 l/s om vinteren. Godkjenning av detaljplanar vil syte for ei god landskapstilpassing av tiltaket. NVE vurderer samla sett nytten av tiltaket som større enn ulempene for allmenne og private interesser, og gjev derfor løyve til bygging av Storvatnet kraftverk på fastsette vilkår.