Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).

Må setje brems på i fleire prosjekt etter jernbanesprekkar

- Jernbanesektoren no står overfor ein krevjande økonomisk situasjon på grunn av auka kostnader i år på Follobanen, Østfoldbanen og Vestfoldbanen. Vi må prioritere å halde framdrifta i desse pågåande prosjekta, men det får diverre konsekvensar for framdrifta i andre utbyggingsprosjekt på jernbanen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fire år gammel.

Det seier samferdselsminister Knut Arild Hareide i ei pressemelding regjeringa har sendt ut i samband med revidert nasjonalbudsjett.

Regjeringa foreslår å løyve 826 millionar kroner ekstra til investeringar på jernbanenettet i statsbudsjettet 2020.

Dette gjer at utbygginga kan halde fram som planlagt på Follobanen, Østfoldbanen og Vestfoldbanen, skriv departementet i ei pressemelding.

- Det er fleire årsaker til kostnadsaukane. På Follobanen er det mellom anna auka valutautgifter som følgje av svak kronekurs, entreprenør-konkurs og meir krevjande grunnforhold, skriv departemenetet i meldinga.

På Vestfoldbanen kjem utgiftene til bygging av InterCity-strekningane Drammen-Kobbervikdalen og Nykirke-Barkåker tidlegare enn føresett.

- Dette gir høgare prosjektkostnader dei to første åra, men prognosen for kostnadane tilseier at begge prosjekta framleis held seg innanfor styringsramma. Kostnadsauken på Østfoldbanen er hovudsakeleg eit resultat av stor aktivitet i leverandørmarknaden, som har gitt høgare prisar enn føresett i bygginga av Sandbukta–Moss–Såstad, skriv Samferdselsdepartementet.

Kuttar i løyvinga til Ringeriksbanen - vil likevel ha investeringsvedtak i 2021

Som følgje av kostnadsaukane på pågåande utbyggingsprosjekter foreslår regjeringa mellom anna å redusere løyvinga til planlegging av fellesprosjektet Ringeriksbanen E16 Høgkastet-Hønefoss med 278 millionar kroner til 250 millionar kroner.

- Det inneber at det blir brukt mindre ressursar til grunnerverv og arkeologiske utgravingar i år, enn opphavleg planlagt. Sjølv med mindre planlegging i år, kjem regjeringa framleis til arbeide for å leggje fram forslag til investeringsvedtak for Stortinget i 2021, skriv departementet.

Bygging av Kleverud-Sørli blir utsett – planlegging av Sørli-Åkersvika held fram

Ein annan konsekvens av kostnadsaukane er at det korkje i år eller neste år vil vere rom på statsbudsjettet til å starte anleggsarbeida på InterCity-strekninga Kleverud-Sørli på Dovrebanen.

Opphaveleg var det løyvd 180 millionar kroner til å starte bygging i år, medan behovet for løyving i 2021 var utrekna til å vere om lag 510 millionar kroner.

Planlegging av siste del av InterCity strekninga mot Hamar på Dovrebanen, Sørli–Åkersvika vil halde fram som tidlegare føresett.

- Bane NOR måtte tidlegare i år avlyse konkurransar om bygging av Kleverud-Sørli som følgje av koronautbrotet. Sjølv utan å omprioritere pengar frå dette prosjektet i år, ville den forseinka konkurranserunden uansett ført til at det ikkje ville blitt mogleg med anleggsstart i år, slik planen opphaveleg var. Vi skal byggje ut både Kleverud-Sørli og Sørli-Åkervika. Vi kjem tilbake til dette i statsbudsjettet for 2022. Fram til då vil vi sjølvsagt òg vurdere om det er meir føremålstenleg å byggje ut Kleverud-Sørli-Åkersvika som eitt prosjekt, seier samferdselsministeren.

Powered by Labrador CMS