Illustrasjonsfoto: Sindre Sverdrup Strand

Klart for Vestlandets største anleggsmesse

Maskinentreprenørenes forbund (MEF) samlar på nytt bransjen til Anlegg 2017 i Haugesund.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel.

Utstillarar og besøkande med stor interesse for anlegg, anleggsmaskiner og teknologiske nyvinningar er dei viktigaste grunnsteinane for messa.

Årets messe er den største anleggsmessa på Vestlandet. Det blir god blanding mellom sosial samlingsarena og ein fagleg kunnskapsarena.

Det er påmeldt rundt 110 unike leverandørar fordelt på eit messeområde på 50 mål. Nytt av året er at enkelte utstillarar vil ha demo-område for prøving av ulike maskiner på sin eigen stand.

Det er gratis inngang til messa. Messa blir høgtidleg opna fredag 12.mai kl. 11.00 av styreleiar i MEF Arnstein Repstad, og i den samanheng vil det vere ein del avdukingar under opningsseremonien.

For unge og andre interesserte vil det bli moglegheit for prøving av gravemaskinsimulator med meir på MEF/OKAB stand. Det vil også vere andre aktivitetar/konkurransar hjå dei ulike utstillarane.

Powered by Labrador CMS