Illustrasjonsfoto: Sindre Sverdrup Strand

Rambøll - Sweco ANS skal lage reguleringsplan for E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane NOR. Det vert no inngått kontrakt med konsulenten.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel.

Prosjektleiar Gunnar Søderholm opplyser at den 29. november fekk Rambøll – Sweco ANS kontraktstilbodet.

- No når karenstid og klagehandsamingar er unnagjort er vi glade for at vi har nådd ein viktig milepel. Det har vore forhandlingar med tre konsulentgrupper om oppdraget, og alle dei leverte gode tilbod i sluttrunden. Rambøll - Sweco ANS forklarte best korleis dei vil gjennomføre oppdraget, og det vart til slutt avgjerande, seier Søderholm, som legg til at tilbydarane også blei evaluert på timeprisar og kompetanse.

- Krevjande arbeid
Prosjektleiaren seier at planarbeidet vil vere krevjande og Rambøll – Sweco ANS vil vere tungt inni dette arbeidet.

- To viktige utfordringar som må løysast er utforming av felles rømmingssystem og handtering av store mengder overskotsmassar. Vidare skal det utarbeidast teknisk detaljplan for veg og bane. Arbeidet krev tett samarbeid mellom Bane NOR og Statens vegvesen sin fagkompetanse, seier han til vegvesen.no, og legg til at prosjektet i sin heilheit skal jobbe modellbasert.

Eit steg vidare
- Vi er no kome eit viktig steg vidare i arbeidet med ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle. Reguleringsplanforslaget skal vere klart til våren 2020. Sidan dette er statleg plan skal Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenne planen, og vi håpar det skjer i løpet av 2020, seier prosjektleiar Gunnar Søderholm.

Powered by Labrador CMS