– Strekninga mellom Myrmel og Lunde er viktig både som veg for dei lokale, men også som ein del av E39, som er ei hovudåre for vegtrafikken på Vestlandet, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård under opninga av vegen.
Tysdag 6. februar var det offisiell opning av vegstrekninga mellom Myrmel og Lunde i Sunnfjord kommune, men det var satt trafikk på vegen allereie 22. januar. Prosjektet omfatta bygging av 3,7 kilometer med ny veg, der ein kilometer går gjennom ny tunnel, skriv Samferdselsdepartementet i ei pressemelding.
Annonse
Statens vegvesen har vore byggherre i prosjektet, medan AS Birkeland har vore totalentreprenør. Birkeland har hatt med seg FH-maskin som har utført arbeida ute i dagen. Norconsult har stått for prosjekteringa, der alt har vore modellbasert. Mesta Elektro har stått for elektroinstallasjon.
– Vegprosjektet med ein styringsramme på 681 millionar kronar vil ende opp 6 til 8 prosent under ramma, når restarbeidet er ferdig til sommaren, melder Vegvesenet.
– På dette prosjektet har det vore svært godt samarbeid mellom Statens vegvesen og entreprenøren. Dette har også vore eit veldrive prosjekt, utan personskader eller fråvêrsskader på rundt 130.000 utførte arbeidstimar. De har all grunn til å vere stolte, sa direktør Ove Myrvåg i Vegdirektoratet på vegne av Vegdirektøren.
Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik leia seremonien ute, og han var svært nøgd med å levere nok eit prosjekt som heldt seg innafor dei økonomiske rammene. Det høyrer med til historia at Vegvesenet sin prosjektorganisasjon i Jølster og Sunnfjord dei siste ti åra har gjennomført fire store prosjekt på E39 og riksveg 5.
- Samla sett har desse prosjekta vore levert ca 11 prosent under styringsrammene, seier prosjektleiar Ole Martin Lilleby i Statens vegvesen.
Gammal E39 over Myrmel skal omklassifiserast til kommunal veg, og Vegvesenet skal utføre oppgraderingar av vegen før den vert overlevert til Sunnfjord kommune.