Fodnestunnelen skal stengast på nattestid. Foto: Wikipedia
Fodnestunnelen skal stengast på nattestid.

Tunnelen skal rehabiliterast – det gir langvarige bil- og ferjeutfordringar

No startar Statens vegvesen eit stort vedlikehaldsarbeid i Fodnestunnelen i Lærdal kommune. Det vil få konsekvensar for både ferje- og biltrafikken i Sogn.

Publisert Sist oppdatert

– Dei gamle platekvelva i tunnelen skal skiftast ut og erstattast med ny vass- og frostsikring. I tillegg skal det sprengast to nye havarinisjar med tekniske bygg, og det skal monterast ny kabelstige og nytt lys i heile tunnelen, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.

Arbeida startar måndag 26. august.

Store konsekvensar

Det får store konsekvensar for både bil- og ferjetrafikk. Fodnestunnelen går frå Lærdal til Fodnes, og er ei viktig transportåre mellom Årdal, Lærdal og Sogndal i Sogn.

– For å minimera ulempene for trafikantane, vert jobben gjort som nattarbeid, på den tida av døgnet det er minst trafikk. Arbeidet i tunnelen vert kvar natt, melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

Det blir kolonnekøyring gjennom natta, tilpassa ferjetidene på sambandet Mannheller- Fodnes.

– Frå og med 9. september må vi nattestenga tunnelen kvar natt heile veka frå klokka 22.00-06.00 på grunn av sprengingsarbeid. I dette tidsrommet vert det sett opp alternativ rutetabell med nattferje Mannheller-Fodnes-Lærdal-Mannheller. Reisande med ferja 21.40 frå Mannheller vil sleppa gjennom før tunnelen stenger. Siste kolonne frå Lærdal går klokka 21.45 (med avgang frå Fodnes klokka 22.00), seier Hovland i meldinga.

Den alternative rutetabellen vil gjelda i perioden med nattestengd tunnel, frå 9. september i år til 31. mai 2025, med nokre tilpassingar opp mot heilagdagar.

Nettene der tunnelen er stengd, vil det ikkje vera mogleg med transport av farleg last som inneber avgrensingar i passasjertalet på ferja. Det opplyser ferjeoperatør Norled.

Dette er tunnelen

Fodnestunnelen har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 2600 køyretøy. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 19 prosent, eller 494, lange køyretøy (tungtrafikk).

Vedlikehaldsarbeidet i tunnelen er forventa å vera ferdig hausten 2026.

– Arbeidet er ikkje ei totaloppgradering av tunnelen i henhold til Tunnelsikkerheitsforskrifta (TSF), men er likevel eit stort og viktig arbeid som er ein del av Statens vegvesen sitt samfunnsoppdrag med å drifta og vedlikehalda riks- og europavegnettet, skriv Vegvesenet.

Powered by Labrador CMS