Byggjeleiar Gunnar Gjæringen i Statens vegvesen ved boremaskina som er i gang nær Breivik i Bergen.
Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen
Borer hol til skøyting av Sotra-høgspenten
Entreprenøren er i no i gang med boring av kring ti meter djupe hol ned til kabel-tunnelane for riksveg 555 Sotrasambandet.
Denne artikkelen er over fem år gammel.
Dei ni høgspentkablane skal skøytast saman på fire punkt på vegen mellom Breivik i Bergen og Litlesotra i Fjell kommune, der dei to sekundær-stasjonane til energiselskapet ligg.
Drivinga av kabel-tunnelen er komen litt under halvvegs på bysida, der tunnelen blir 1,5 kilometer. Ein er og komen godt i gang på vestsida av fjorden, der kabel-tunnelen skal drivast over 1,9 kilometer mellom Knarrevik og BKK-stasjonen på Litlesotra, melder vegvesen.no.
Det blir tre skøytepunkt for høgspentkablane, som i dag går i ope terreng og over fjordspennet der det nye Sotrasambandet skal byggast. Dessutan blir det ei samankopling på fjelltunnelen ved stasjonen på Litlesotra, - i alt fire punkt med borehol ned i kabel-tunnelen.
Det blir bora seks hol på eitt punkt i Breivik. Under-entreprenøren som gjer oppdraget reknar med å bruke 3-4 dagar på kvar boring. Hola har ein diameter på kring 40 cm.