Byggjeleiar Kari Bremnes i Statens vegvesen (t.h.) orienterte samferdsleminister Ketil Solvik Olsen (t.v.) og regionvegsjef Helge Eidsnes om framdrifta på E39 Svegatjørn-Rådal.
Foto: Geir Brekke)
Ketil Solvik Olsen besøkte E39 Svegatjørn–Rådal
Samferdsleminister Ketil Solvik Olsen hadde torsdag synfaring til E39 Svegatjørn–Rådal. Han fekk sjå stor aktivitet.
Denne artikkelen er over fem år gammel.
Statsråden er på Norges-tur med bil, tog og ferje. Torsdag morgon sto motorvegprosjektet E39 Svegatjørn–Rådal på programmet, før turen gjekk vidare med E39-ferja frå Halhjem til Sandvikvåg.
Stor aktivitet
Statsråden lot seg imponere over stor aktivitet på veganlegget lengst sør på strekninga. Mange ulike anleggsoppgåver er under gjennomføring. Store stein- og pukkhaugar ligg i Endalausmarka. I Skogafjellstunnelen er det tunnelinnreiing som pågår. Fleire bruer krysser den komande E39-lina gjennom området. Det er arbeid med sidearealet langs vegen. Det er ikkje minst stor trafikk med stein- og jordmassar gjennom anleggsområdet.
Gjennomslag
Botnmassar i tunnelen blir sortert på ein del av anleggsområdet. Noko er ureina og blir levert til eige deponi. Dei gode massane blir brukt til vegoppbygging i tunnelane, seier byggjeleiar Kari Bremnes i Statens vegvesen, som orienterte statsråden og hans følgje på synfaringa. Ho fortalde at det blir første gjennomslag i den 9,2 km lange Lyshorntunnelen etter sommarferien. Siste gjennomslag i same tunnelen blir ut på våren 2019.