Kartillustrasjon: Statens vegvesen/Bane Nor.
Oppstart for Fellesprosjektet Arna–Stanghelle i 2025
Fellesprosjektet Arna–Stanghelle i kommunane Bergen og Vaksdal i Vestland er eit av få store utbyggingsprosjekt som er prioritert med anleggsstart i første seksårsperiode av Nasjonal transportplan 2025–2036.
– Strekninga Arna-Stanghelle er utsett for ulykker og ras.
No blir det endeleg ny E16 og Vossebane. Med budsjettforslaget sikrar vi
prosjektstart i 2025. Felles utbygging av veg og jernbane mellom Arna og
Stanghelle vil vere det største samferdselsprosjektet som er sette i gang i
nyare tid i Noreg, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i ei pressemelding
i forbindelse med statsbudsjettet.
Fellesprosjektet Arna–Stanghelle i kommunane Bergen og
Vaksdal i Vestland er eit av få store utbyggingsprosjekt som er prioritert med
anleggsstart i første seksårsperiode av Nasjonal transportplan 2025–2036. – Dagens veg og jernbane ber preg av låg standard, rasutsette område og
trafikkulykker. Det er ikkje tvil om at både folk og næringsliv har behov for
ny infrastruktur. Ny veg og
jernbane mellom Arna og Stanghelle skal vere trygg og driftssikker, redusere
reisetida og auke transportkapasiteten. Vi vil jobbe for raskast mogleg
oppstart, og er opptatt av at fellesprosjektet Arna–Stanghelle skal få det som
er nødvendig av pengar i 2025, seier samferdselsministeren.
Før
prosjektet kan starte for fullt, må Stortinget gjere vedtak om kostnadsramme og
bompengeopplegg. Med budsjettforslaget for 2025 legg regjeringa til rette for
at det vil skje neste år.
– Vi reknar
med å leggje fram saken for Stortinget til våren. Samtidig arbeider vi med å
kunne lyse ut prosjektet raskt i marknaden og anskaffe kontrakt for berg- og
skredsikring, slik at dette arbeidet kan starte i 2025, seier Nygård.
Bygginga
av ny E16 og Vossebane på den 30 km lange strekninga Arna–Stanghelle er eit
fellesprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane Nor. Med nesten 80 kilometer veg- og jernbanetunnelar blir Arna–Stanghelle Noregs
største tunnelprosjekt. Det blir firefelts veg mellom Arna og Trengereid, og
tofelts veg vidare mot Stanghelle. På den nye jernbanen blir det dobbeltspor på
heile strekninga.
– Med ein
forventa kostnad på nesten 40 milliardar kroner og antatt ferdigstilling i 2036
er Arna–Stanghelle det største samferdselsprosjektet i nyare tid her til lands,
større enn megaprosjekta Follobanen på Østlandet og E39 Rogfast på
Sør-Vestlandet. Men vi skal ikkje byggje Arna–Stanghelle fordi det er
størst, vi byggjer fordi det er nødvendig, seier Nygård.