Illustrasjonsfoto
Startar vegprosjektet E45 Kløfta i Finnmark i 2025
E45 Kløfta i Finnmark er eit av dei store prosjekta som er prioritert med oppstart i første seksårsperiode av Nasjonal transportplan 2025–2036. Med budsjettforslaget legg regjeringa opp til prosjektstart i 2025.
– Eg er
glad for at vi endeleg kan starta vegprosjektet E45 Kløfta i Finnmark. Dagens
veg har dårleg standard fleire stadar og er utsett for skred. Det nye
prosjektet bidreg til tryggare ferdsel, samstundes som det fjernar ein
flaskehals for eksportnæringa mellom Finnmark og Finland/Sverige på vinterstid,
seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i en melding frå regjeringa.
Stortinget
må vedta kostnadsramma før det kan bli anleggsstart på hovudentreprisa. Før
regjeringa kan leggje fram forslag til Stortinget må det gjennomførast ei
ekstern kvalitetssikring (KS2).
Sak til
Stortinget skal fram så raskt som mogleg, vonleg våren 2025.
– Vi vil
jobbe for raskast mogleg oppstart av prosjektet. Prosjektet skal få det dei
treng i 2025 og i dei etterfølgjande åra, seier Nygård.
Som ein
del av dei førebuande arbeida i 2025 vil det mellom anna bli lagt straum til
prosjektet. Det vil dermed vera fysiske arbeider på prosjektet allereie
til neste år.