Stor dag for Kvammapakken

Det dundra godt i Børveneset etter at fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg hadde fyrt av siste salve i tunnelen 31. mars. Og mykje folk møtte fram, skriv vegvesen.no

Denne artikkelen er over ti år gammel.

Av omsyn til tryggleiken gjekk publikum i dekning på eksisterande veg, som vart stengd ei stund grunna arrangementet

Nøgd fylkesordførar

- Eg minnest enno dei fakkeltoga som innbyggjarane rundt Børveneset gjennomførte med sitt høgst rettmessige krav om ny og trafikksikker veg, sa fylkesordføraren i sin tale.

Ho roste det krevjande politiske arbeidet som vart gjort i kommunen som grunnlag for Kvammapakken.

Prosjektet har til tider vore omstridt, og mange meiner pakken er for puslete og ikkje løyser dei store samferdselsutfordringane for Kvam og Hardanger.

- Eg kan berolige desse med at dei vidare tankane og ambisjonane i kulissane bak Kvammapakken er store, sa fylkesordføraren. Planar om vidare opprusting av fv. 7 og fv. 49 og kanskje i framtida ein Hardangertunnel, vil føre til eit langt betre grunnlag for næringsutvikling og busetnad i dette området.

Nøgd ”vegsjef”

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Olav Finne, uttrykte også glede over denne milesteinen.

- Vi er trygge på at dette er ei framtidsretta løysing for trafikken mellom Norheimsund og Øystese, sa Finne.

- Vi veit også at dette delprosjektet vil bli følgt av vidare arbeid på alle dei viktige vegane i Kvam.

Av dei viktigaste kan nemnast:

•Resterande opprusting med god tofelts veg og gang-/sykkelveg på strekninga mellom Norheimsund og Nes.

•Opprusting av strekninga mellom Norheimsund og Vikøy som vil bli starta i løpet av kort tid.

•Bygging av god tofelts veg med gang-/sykkelveg mellom Øystese og Skarpasvingen.

Så langt er arbeida utført på ein svært tilfredsstillande måte utan alvorlege uhell, med god kvalitet og godt innanfor dei opprinnelege overslaga. Samarbeidet med entreprenøren har vort upåklageleg, og vi vil gi honnør for vel utført arbeid.

Powered by Labrador CMS