Storstøypen er i gang på portal-dekket på Nordås i Bergen sør, med byfjella i bakgrunnen. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen
To lag i gang på kvar sin støypeplass på det store lokket. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen
Eit lag på åtte deler på jobben med legging av massen frå betongpumpa. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen
Foto: Håkon Tryti Nilssen, Statens vegvesen

Storstøyp i full gang på E39

Den største dekkestøypen i Statens vegvesen på Vestlandet har pågått på Nordås i Bergen sidan mandag ettermiddag.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel.

Det var kl. 17.00 mandag at Implenia sette i gang jobben med å støype dekket på den store portal-konstruksjonen på E39 Svegatjørn–Rådal. Arbeidet skjer i forlenginga av munningane til Råtunnelen ved rv. 580 Fritz C.Riebersveg.

Statens vegvesen reknar med at det går med kring 2.000 kubikk med betong, med ei totalvekt på 4.800 tonn. På førehand er det lagt ned kring 230 tonn armering i dekket. Betongbilane går i skytteltrafikk frå Laksevåg i Bergen. Leveransen er på kring 280 billass med betong.

Støypen vil pågå i minst 40 timar, ventar entreprenøren. Det vil seie at jobben er utført ein gong onsdag føremiddag, 31. oktober. Deretter ventar herding av betongen.

Powered by Labrador CMS