Stor interesse for elektrokontrakt på Ryfast

12 elektrobedrifter har søkt om å bli prekvalifisert til å gi anbod på den siste elektro- og styringskontrakten i Ryfast-prosjektet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel.

Kontrakten omfattar leveransar til Eiganes- og Hundvågtunnelane. Tre av de 12 er lokale elektrobedrifter.

– Vi er godt fornøgd med mengda interesserte, seier prosjektleiar Gunnar Eiterjord.

Hundvågtunnelen er 5,5 kilometer to-løps tunnel, mens Eiganestunnelen er 3,7 kilometer lang med to løp.

Entreprisen omfattar lågspent kraftforsyning, generelle elektroinstallasjonar, belysning, sikkerhetsutrustning, trafikkstyring, pumpeautomatikk, samt styrings-, regulerings- og overvåkningsanlegg.

  • Konkurransegrunnlaget vil bli gjort tilgjengeleg for dei som er prekvalifiserte før i mai/juni.
  • Tilbodsfrista er sett til 30. september 2016. Kontrakten er forventa signert før jul 2016.
  • Ferdigstillelse av elektroarbeida og overlevering til byggherren er april 2019.
Powered by Labrador CMS