Løyve for to kraftverk i kommunane Rødøy og Lurøy i Nordland

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Salten Kraftsamband Produksjon AS løyve til å bygge Smibelg og Storåvatn kraftverk i kommunane Rødøy og Lurøy i Nordland.

Denne artikkelen er over ti år gammel.

NVE si tilråding inneber at planar frå lokale grunneigarar og fallrettshavarar om å bygge småkraftverk i det same området, ikkje kan gjennomførast.

Søknaden gjeld bygging av to separate kraftverk i fjell med tilhøyrande reguleringar og overføringar. Kraftverka vil gje om lag 200 GWh ny og regulerbar kraft. Det svarer til den årlege straumbruken til om lag 10 000 husstandar.
Smibelg kraftverk vil ha Smibelgvatn som inntaksmagasin og nytte avlaupet frå Storåga (nedre Kvannskardvatn), Tverråga, Vassvikelva og Mangåga. Fallet mellom Smibelgvatn og Gjervalen nyttast i ein kraftstasjon i fjell like innafor Vassvika.

Storåvatn kraftverk vil ha Storåvatn og vestre Sandvikvatn som inntaksmagasin og nytte avlaupet frå Oldervikelva, Hyttelva, Sleåga, Sandvikelva og Komagåga. Fallet mellom inntaksmagasina og Gjervalen nyttast i ein kraftstasjon i fjell om lag ein kilometer frå fjordbotnen.

NVE legg vekt på at utbygginga vil gje mykje kraft, og ikkje minst regulerbar kraft. Det siste er viktig fordi ein stor del av den nye kraftproduksjonen i Noreg vil vere uregulert kraft frå vindmøller og småkraftverk. Produksjonen fører heller ikkje til auka utslepp av CO2.

Utbygging av Smibelg og Storåvatn kraftverk vil etter NVE sitt syn ha negative følgjer for eit stort og urørt fjell- og fjordlandskap. NVE har difor tilrådd nokre endringar for redusere miljøulempene. Med dei foreslåtte tiltaka meiner NVE at området framleis vil behalde mange av kvalitetane sine. NVE finn at dei samla miljøulempane er akseptable i høve til den store kraftutvinninga og dei lokale fordelane utbygginga gjer.

NVE meiner at ei stor utbygging i dette området samla sett gjev mindre miljøulemper og betre ressursutnytting enn fleire småkraftverk.

Dei to kommunane vil samla få årlege inntekter frå skattar og avgifter (naturressursskatt, eigedomsskatt, konsesjonsavgift og konsesjonskraft) på mellom 7 og 12 millionar kroner.

Tilrådinga er sendt til Olje- og energidepartementet som vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Powered by Labrador CMS