Torgeir Bye, seksjonsleiar for vegdrift i
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Mesta og Veidekke tidelt driftskontraktar for fylkesvegane i Romsdal
Mesta og Veidekke skal drifte og vedlikehalde 784 kilometer fylkesveg i Romsdal dei neste fem åra. Mesta skal òg stå for tunnelreinhaldet i 62 tunnelar i heile fylket.
– Møre og Romsdal fylkeskommune har signert kontraktane med entreprenørane som skal bidra til stabil framkomme og god sikkerheit langs fylkesvegane i indre og ytre Romsdal dei komande åra. Veidekke er tildelt kontrakten for indre Romsdal, medan Mesta skal ha ansvar for ytre Romsdal, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.
Driftskontrakten for indre Romsdal omfattar 275 kilometer fylkesveg og 21 kilometer gang- og sykkelveg. Kontrakten for ytre Romsdal omfattar 509 kilometer fylkesveg og 89 kilometer gang- og sykkelveg. Kontraktane set òg krav til rapportering på CO2-utslepp og at alt handheldt utstyr knytt til skjøtsel av grøntareal og skråningar skal vere nullutsleppmaskiner. Begge kontraktane er 5-årige med tosidig opsjon på 1, 2 eller 3 år, og einsidig opsjon på 1 år.
– Begge driftskontraktane dreier seg i hovudsak om driftsoppgåver og vedlikehald på vegnettet, samt oppgåver som inspeksjon, beredskap, vinterdrift og generell trafikkavvikling og andre oppgåver som er nødvendige for drift og vedlikehald av vegnettet. Kort sagt, viktige oppgåver for å oppretthalde god og trygg trafikkavvikling på fylkesvegane våre, året rundt, seier Torgeir Bye, som er seksjonsleiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Driftskontraktane har ein samla verdi på om lag 790 millioner kroner.
Mesta fekk òg jobben med å stå for tunnelreinhald i alle dei 62 fylkesvegtunnelane i Møre og Romsdal dei neste 8 åra + 1 år opsjon.
– Reinhald av tunnelane er viktig for å sikre god tryggleik og stabil oppetid. Fylkeskommunen har valt å auke varigheita for å gjere oppdraget meir forutsigbart, og for gi entreprenørane betre moglegheit for å investere. Det er også stilt nye miljøkrav, der det krevst nullutslepp-køyretøy for trafikkavvikling, seier Bye.
Tunnelreinhaldskontrakta har ein verdi på 189 millioner kroner.