Fem vil byggja ny veg i Hardanger
Fem entreprenørar har levert anbod på andre byggjesteg av rv. 13 Bu–Brimnes i Hardanger.
Parsellen Kobbestille–Bugjelet er andre etappe i på det drøye 4 km lange utbetrings- og rassikringsprosjektet på rv. 13 mellom Brimnes ferjekai og Buplatået.
Første byggjesteg blei opna for trafikk sommaren 2010.
Andre byggjesteg er på kring 900 meter, og omfattar mellom anna ny veg over det rasfarelege Bugjelet, der vegen blir flytta på ny vegfylling lenger ute i gjelet, med rasmagasin på innsida og gjennomløp for vassmassar og snø.
Anboda ser slik ut ved opninga 12.oktober 2011:
E. Opedal & Sønner, Lofthus 29,8 mill. kr
Mesta Drift 38,9 mill. kr
AF Gruppen Norge 42,9 mill. kr
Byggekompaniet, Husnes 53,6 mill. kr
Markhus Maskin, Skånevik 56,6 mill. kr
– Vi er godt nøgde med anboda, seier byggjeleiar Bente Bergstø i Statens vegvesen.
Statens vegvesen skal kontrollrekna anboda, og vonar å koma i gang med arbeidet i løpet av hausten, med eitt års byggjetid.