Klart for utbetring av Lærdalstunnelen for 2,3 milliardar

Lærdalstunnelen må utbetrast for å vere innanfor krava til EUs tunnelsikkerheitsdirektiv. Kostandsramma er på 2,3 milliardar kroner.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel.

Jobben omfattar blant anna oppgradering av ventilasjonsanlegget, nytt lysanlegg, naudstasjonar og eit overvakingssystem.

- Det er trygt å køyre i norske tunnelar, og det skal det fortsette å vere i lang tid framover. Vi har dei siste åra trappa opp innsatsen for å komme innanfor krava til EUs tunnelsikkerheitsdirektiv. Utbetringane i Lærdalstunnelen er naudsynte og vil betre tryggleiken ved hendingar og ulykker, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide i ei pressemelding.

Arbeida skal starte i løpet av 2022, og etter planen vere ferdig i 2027. Tunnelen vil bli stengt mellom kl. 22.00-06.00 i denne perioden.

- Vi må gjere desse utbetringane. Samtidig må det ha minst mogleg innverknad på alle dei som nyttar tunnelen. Derfor skal Statens vegvesen drøfte detaljane i stenginga med dei lokale kommunane, lokalt næringsliv og transportnæringa. På den måten sørger vi for dei beste løysingane for arbeidet og trafikantane i åra som kjem, seier Hareide vidare.

Powered by Labrador CMS