Samferdselsminister Knut Arild Hareide.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
- Skal vidareføre satsinga på vegutbygging
- Eit viktig arbeid i 2021 vil vere å halde Noreg på beina gjennom koronakrisa. Eitt av tiltaka er å vidareføre satsinga på vegutbygging som denne regjeringa har starta. Neste år finn vi midlar til å vidareføre satsinga på vedlikehald og til at fleire nye vegstrekningar kan starte opp. Det bidrar til arbeidsplassar, tryggare vegar og betre framkome over heile landet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide i ei pressemelding.
I statsbudsjettet for 2021 foreslår regjeringa å løyve om lag 36,3 milliardar kroner til vegformål. 5,8 milliardar kroner av dette går til selskapet Nye Veier AS.
- Løyvinga til vegformål er framleis formidabelt høg. Vegane i Noreg er livsnerven i samfunnet vårt. Dei held hjula i gang, både for vanlege folk og næringslivet. Derfor skal vi vedlikehalde og fornye dei vegane vi har, men vi set òg i gang nye prosjekt, seier Hareide.
Fleire nye vegstrekningar kan starte utbygginga
Fem prosjekt hos Statens vegvesen kan få oppstart i løpet av 2021:
- E18 Lysaker – Ramstadsletta i Viken fylke
- E39 Myrmel – Lunde i Vestland fylke
- E39 Lønset – Hjelset i Møre og Romsdal fylke
- E39 Ørskogfjellet, krabbefelt i Møre og Romsdal fylke
- Rv. 4 Roa – Gran grense inkludert Jaren-Lygnebakken i fylka Innlandet og Viken
- I disse fem store prosjekta har vi sett av midlar til førebuande arbeid som gjer det mogleg med byggestart i 2021, om alt går etter planen. Vi legg òg til rette for byggestart for prosjektet rv. 509 Sør-Tjora–Kontinentalvegen (Transportkorridor vest) i Rogaland fylke. Dette prosjektet er fullfinansiert med bompengar gjennom Bymiljøpakken, seier Hareide.
I porteføljen til Nye Veier kan følgjande prosjekt få oppstart i 2021:
E6 Kvænangsfjellet i Troms og Finnmark, E6 Kvithammer-Åsen og E6 Ulsberg-Vindåsliene i Trøndelag, E6 Moelv-Roterud, E6 Roterud-Storhove og E6 Storhove-Øyer i Innlandet og E39 Herdal-Røyskår i Agder.
I tillegg set regjeringa av midlar til førebuande arbeid på følgjande strekningar: E8 Sørbotn – Laukslett i Troms og Finnmark fylke, E10/rv. 85 Hålogalandsveien i Nordland og Troms og Finnmark fylker og rv. 555 Sotrasambandet i Vestland fylke.
Vedlikehaldsetterslepet blir redusert
- Denne regjeringa har sytt for å redusere vedlikehaldsetterslepet, for første gong på mange tiår. Det held vi fram med i 2021. Neste år blir reduksjonen på om lag 1,5 milliardar kroner. Det er vi godt nøgde med. Vi må ta vare på det vi allereie har. I ein del tilfelle er vedlikehaldsutbetringar vel så gode løysingar som ny veg, seier samferdselsministeren.
Nullvisjonen om at ingen skal omkomme eller bli hardt skadd er ein sentral del av arbeidet i vegsektoren.
- Trafikktryggleik er viktig for oss. Pengar til målretta trafikktryggleikstiltak, utbetringsstrekningar, nye investeringar, trafikant- og køyretøytiltak og drift og vedlikehald skal saman bidra til auka trafikktryggleik. Folk skal oppleve at det er trygt å køyre på norske vegar. Det må vi jobbe for, seier Hareide.
100 millionar kroner til fylkesvegar
Fylka er ansvarlege for fylkesvegane og finansierer i hovudsak utgifter til desse vegane. Regjeringa foreslår i tillegg 100 millionar kroner til tilskotsordninga til fylkesvegar som er viktige for næringstransporten.
- Vi følgjer opp med pengar til den tilskotsordninga vi oppretta i fjor. Sjølv om fylkesvegane er fylkeskommunane sitt ansvar, har ein del av desse vegane mykje næringstransport som er viktig for heile Noreg. Gjennom denne tilskotsordninga kan fylkeskommunar søkje om pengar til å utbetre slike viktige vegar. Dette kjem heile landet til gode, seier samferdselsministeren.
Reduserte bompengar
Regjeringa foreslår 1435 millionar kroner til tilskot til reduserte bomtakstar utanfor byområda. Dette er ei vidareføring av nivået i saldert budsjett 2020. Det er sett av 376,5 millionar kroner til å redusere bompengar i følgjande prosjekt:
– E18 Arendal–Tvedestrand i Agder
– Rv. 3/rv. 25 Ommangsvollen–Grundset/Basthjørnet i Innlandet.
- I tillegg har om lag 40 prosjekt fått lovnad om tilskot i 2021. Samferdselsdepartementet vil betale ned bompengegjeld, redusere bompengetakstar og fjerne bom på sideveg i fleire prosjekt, seier samferdselsministeren.
- Forbetra ferjetilbod
Til riksvegferjedrifta er det foreslått å løyve om lag 1,6 milliardar kroner. Rutetilbodet blir i stor grad vidareført frå 2020. Det blir auka frekvens og kapasitet ved oppstart av nye ferjekontraktar i drift av E39 Molde–Vestnes og E39 Halsa–Kanestraum. Mot slutten av 2021 skal den første hydrogenelektriske ferja i verda setjast inn på ferjesambandet rv. 13 Hjelmeland–Nesvik–Skipavik i Rogaland.