Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap). Foto: Heiko Junge / NTB
– Rettar innsatsen mot å ta vare på det vi har
Samferdselsdepartementet rettar innsatsen mot å ta vare på det som allereie er bygd.
–
Regjeringa legg opp til ei historisk satsing på samferdsel i neste års
statsbudsjett. Spesielt retter vi innsatsen mot å ta vare på det vi har, og
utbetre der vi kan. Å prioritere drift og vedlikehald betyr betre tryggleik for
folk i trafikken, betre klimatilpassing og betre militær mobilitet. I tillegg
prioriterer vi mellom anna å starte det største samferdselsprosjektet nokon
gang, Arna-Stanghelle. Heilt konkret foreslår vi å løyve totalt 96,1 milliardar
kroner til samferdsel i 2025, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård via ei
pressemelding.
Regjeringa
foreslår å løyva 10,8 milliardar kroner til drift og vedlikehald av
riksvegnettet i 2025. Dette er ein auke på 1,1 milliardar kroner samanlikna med
statsbudsjettet for 2024. Til drift, vedlikehald og fornying av jernbanenettet
foreslår regjeringa 12,1 milliardar kroner.
– Vi
følgjer opp lovnadene i Nasjonal transportplan ved å foreslå ein kraftig auke
til drift og vedlikehald, både på veg og på jernbane. Det skal vere trygt å for
folk å kome seg fram. Godt vedlikehald er avgjerande for å ha eit godt, sikkert
og fungerande vegnett og for at vegane skal kunna brukast trygt i mange år. Det
er for mange tog som ikkje er i rute. Det må vi gjere noko med. For første gong
på fleire år blir det foreslått meir pengar til å ta betre vare på den
jernbanen vi allereie har, seier Nygård.
46,9
milliardar kroner til vegformål
Totalt
foreslår regjeringa 46,9 milliardar kroner til vegformål, ein auke på 3,8
milliardar kroner frå 2024.
– 23,3
milliardar kroner skal gå til investeringar på riksvegane, noko som vil gi
rasjonell framdrift i igangsette prosjekter, og prosjektstart for E45 Kløfta i
Finnmark og fellesprosjektet Vossebanen/E16 Arna–Stanghelle i Vestland med
raskast mogleg framdrift, skriv departementet.
– Dette
er svært viktige prosjekt som vil betre framkome og sikre innbyggarane ein
tryggare reiseveg, heilt i tråd med prioriteringane til regjeringa i nasjonal
transportplan, seier Jon-Ivar Nygård.
32,6
milliardar kroner jernbanen
Til
jernbane foreslår regjeringa totalt 32,6 milliardar kroner i 2025.
Av dette
er i alt 12,1 milliardar kroner foreslått til drift, vedlikehald og fornying av
jernbanenettet. Til større investeringsprosjekt, som mellom anna bygging av
InterCity-strekningar på Austlandet, elektrifisering av jernbanen i Trøndelag
og innføring av det nye, digitale signalsystemet ERTMS – foreslår regjeringa å
løyve 11,7 milliardar kroner.
– Ei
opptrapping av arbeidet med vedlikehald og fornying kjem til å gi positive
resultat over tid. I tillegg vil mellom anna nye tog og innføring av det
digitale signalsystemet ERTMS bidra til å redusere talet på innstillingar og
forseinkingar i togtrafikken i åra framover, seier Nygård.
Klimavenleg
transport
Regjeringa
vil i 2025 auke satsinga på ei meir klimavenleg transportnæring.
– Elektrifisering
av tungbilparken er eit av regjeringas viktigaste tiltak for å kutte
klimautslepp. Difor følgjer regjeringa opp Nasjonal transportplan 2025–2036 og
ladestrategien, med utbygging av døgnkvile- og rasteplassar for å leggja til
rette for lading av tunge bilar. Vidare foreslår regjeringa 1,2 milliardar
kroner til Enova for å styrkja innsatsen for utskifting av tunge køyretøy. For
å framskunde den grøne omstillinga i luftfarten, foreslår regjeringa å løyve
til saman 50 millionar kroner for å etablere Noreg som testarena for null- og
lågutsleppsfartøy. Vidare foreslår regjeringa 7,7 milliardar kroner til
ordningar som fremjar attraktive og klimavenlege byar med god framkome, skriv
departemenmtet.
– Transportsektoren står for en tredel av norske
utslipp, og for å nå klimamålene våre må disse utslippene reduseres kraftig.
Byvekstavtalane og andre tilskotsordningar skal hjelpe byane å nå målet om at
auken i persontransporten skal skje til fots, på sykkel eller med
kollektivtrafikk, seier Nygård.