Ny bru kjem 40-50 nedstraums dagens bru. Ill. Statens vegvesen
Digital signering for Skjøiten bru: øvst f.v. prosjektleiar i Svv, Knut Erik Skogen, anleggsleiar i Hæhre Runar Slåttun, prosjektleiar i Hæhre Øyvind Holen, daglig leiar i Hæhre Gudmund Roen, utbygginbgsdirektør i Svv, Kjell Inge Davik og prosjektdirektør i Svv Utbygging sørøst, Ingunn Foss. Foto: Statens vegvesen
Dagens bru er frå 1937. Foto: Cecilie Schjøtt Høiholt
Ill. Statens vegvesen

Hæhre skal bygge ny Skjøiten bru i Hemsedal

Hæhre Entreprenør AS vann kontrakten på bygging av ny Skjøiten bru på rv 52 i Hemsedal.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel.

Tirsdag vart kontrakten signert digitalt av utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen og dagleg leiar i Hæhre Entreprenør AS, Gudmund Roen. Kontrakten er på 79 millioner kroner eksklusive moms

- Hæhre vann kontrakten i skarp konkurranse med to andre entreprenørar som var prekvalifisert etter at sju firma fyrst melde interesse for jobben i vinter, melder vegvesen.no.

Hæhre skal byggje ny Skjøiten bru 40-50 meter nedstraums dagens bru. Den nye brua vert om lag 90 meter. Dagens bru er frå 1937 og er ein flaskehals nokre kilometer nordvest om Hemsedal sentrum. Det skal og byggjast trefelt mellom Venås bru og Skjøiten bru, samt tilstøytande vegar i begge endar av ny bru.

- Arbeidet med ny bru startar allereie no i månadsskiftet april-mai og er berekna å ta om lag 17 månader. Den nye brua skal etter planen opnast i juli 2022. Gammal bru skal rivats og heile prosjektet er ferdig i septemberg 2022, melder etaten.

Det går med 1.071 kubikkmeter betong og 155 tonn armering til brua. Det skal også sprengjast ut vel 9.500 kubikkmeter fjell i samband med arbeidet. Det blir og omfattande bergsikringsarbeider på prosjektet.

Powered by Labrador CMS