Hæhre riggar seg til ved Skjøiten bru i Hemsedal
Denne veka har Hæhre starta å rigge seg til ved Skjøiten bru i Hemsedal. Frå neste veke er fleire av anleggsarbeida i gang for fullt
Denne artikkelen er over tre år gammel.
–Det er satt opp skilt og sikring, den nye veglinja er stikki ut og rydding av skog har starta, fortel byggeleiar i Statens vegvesen Tone Bakken til vegvesen.no.
Torsdag var ho og grunnervervar Åse Marit Thorrud ved Skjøiten for å møte grunneigar og snakke med folka frå Hæhre som no gjer seg klare. Entreprenøren får anleggsrigg rett nord for brua og reikner med full anleggsdrift om snaue to veker.
Då blir det både sprenging og graving, noko som vil gje både støy, rystingar og støv som vil merkast i nabolaget. Bilistane på rv. 52 til og frå høgfjellet vil og merke at anleggsdrifta no tek til for alvor.
- Deler av vegbanen blir snevra inn slik at trafikken må passere på eit felt. Då vert trafikken anten dirigert manuelt eller lysregulert. Noko venting må påreknast, melder Statens vegvesen. Dei ber derfor bilistane vise tolmod. Ved sprenging kan ventetida bli lengre.
Allereie frå 18. mai reknar ein med å starte førebuingane til bruarbeidet nede i Mørkedøla der to brupilarar skal byggjast. Det er viktig at ein kjem så langt som mogleg med dette bruarbeidet før vårflaumen startar nærmare sommaren.