Ny driftskontrakt for Mesta

9. mai signerte Statens vegvesen ein ny femårs-kontrakt med Mesta Drift AS om drift og vedlikehald av vegane på Askøy, Sotra, i Øygarden og Laksevåg. Kontrakten skal gjelde frå 1. september 2012

Denne artikkelen er over ti år gammel.

- De kjenner området godt frå før, så de veit kva de går til, sa regionvegsjef Helge Eidsnes før han og regiondirektør Randi Ystanes frå Mesta Drift AS signerte avtalen.

Kontrakten har en verdi på 140 millioner kroner.

Det er Mesta Drift AS som har hatt denne driftskontrakten dei siste åra, og dei ser óg svært positivt på at dei vann tilbodet på nytt. Prosjektleiar i Statens vegvesen Gunnar Kråkenes er også godt nøgd, med eit samarbeid som har fungert godt tidlegare.

Endringar i kontrakten i høve tidlegare er at her er nokre fleire rutineframstillingar.

Powered by Labrador CMS