Dei siste to åra har trafikken gått på ei midlertidig bru over Storeelva på Byrkjelo.

Consto Anlegg Øst skal bygge nye Teita bru på Byrkjelo

Consto Anlegg Øst og Vestland fylkeskommune førebur kontraktsignering på Teita bru på Byrkjelo.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fire år gammel.

Etter at Teita bru vart stengd i 2018 grunna store flaumskader, har det vore ei mellombels bru over Storeelva. Denne skal no erstattast av ei ny bru på same plass som den gamle, skriv Vestland fylkeskommune i ei presemelding.

Utlysinga av Teita bru har vore litt annleis enn det som har vore vanleg på fylkesveg tidlegare.

– Konkurransegrunnlaget inneheldt tre tildelingskriterium: Tilbodssum, plan for gjennomføring av bygginga, samarbeid med byggherre, nøkkelpersonell og framdrift og arkitektur. Det siste punktet betyr at nytenkande og vakker utforming av brua kunne medverke på val av entreprenør, forklarer prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i pressemeldinga.

Det kom inn fire tilbod, der alle tilbydarane oppfylte kvalifikasjonskrava.

– Etter evaluering av tilboda og berekning av konkurransesum er vi komne til at kontrakten skal tildelast Consto Anlegg Øst, seier prosjektleiaren.

Tildelinga går no inn i ei karenstid, der dei andre deltakarane kan klage på tildelinga. Når denne perioden er over, er det klart for underteikning av kontrakt.

– Raskt etter kontraktsignering går vi i gang med ein samhandlingsprosess med entreprenør, og etter denne er gjennomført kan dei starte på arbeidet. Det blir oppstart før jul eller rett over nyttår, seier Huseklepp.

Powered by Labrador CMS