Byggekontroll
Ferdig med Noregs største kraftleidningsprosjekt
Den nye 30 mil lange kraftleidninga mellom Ørskog og Sogndal er ferdig bygd og sett i drift.
Fakta om prosjektet:
- 300 km med 420 kV kraftleidning mellom Ørskog på Sunnmøre og Sogndal.
- 797 master. Totalt 11.000 tonn med mastestål. Høgaste mast er montert 1095 m.o.h.
- 6 nye transformatorstasjonar og utviding av Ørskog transformatorstasjon.
- Skal rive 170 km med eksisterande kraftleidning. Og legg til rette for riving av lokalt distribusjonsnett. Sanering av Fardal transformatorstasjon.
- Starta utbygginga oktober 2011. Sett i drift 6.desember 2016
- Lagt ned omkring 3 millionar arbeidstimar, tilsvarande omkring 1800 årsverk.
Kilde: Statnett.
– No kan Midt-Noreg og Sogn og Fjordane gå vinteren trygt i møte, for med den nye 30 mil lange kraftleidninga mellom Ørskog og Sogndal i drift har vi etablert eit samband som gir trygg strømforsyning for begge regionane, seier konserndirektør i Statnett Elisabeth V. Vardheim, i ein pressemelding.
Den nye kraftleidningen legg til rette for verdiskaping, trygg strømforsyning og bidreg til Noreg sine klimamål.
– Dette er ein viktig og stor dag for Midt-Noreg og Sogn og Fjordane. Endeleg har Midt-Noreg ei god og sikker strømforsyning. Samstundes kan verdiane i dei planlagde fornybarprosjekta i Sogn og Fjordane som har venta på eit sterkt nok strømnett realiserast, held Vardheim fram.
Ørskog-Sogndal starta som ei rein forsyningslinje frå Vestlandet til Midt-Noreg i 2006, grunna eit stort energiunderskot i Midt-Noreg. Undervegs i prosessen blei det naudsynt å endre konseptet, då rundt hundre småkraftverk i Sogn og Fjordane har søkt om å byggje ut. I 2009 måtte Statnett innføre ein stans for tilkopling av ny strømproduksjon i regionen, grunna manglande nettkapasitet. Dette førte til at omlag 100 småkraftverk sto på vent, melder Statnett.
– Som fylgje av dette blei prosjektet utvida og vi har gått frå å utvide to stasjonar til å byggje seks nye og ei utviding av Ørskog transformatorstasjon, for å leggje til rette for alle fornybarprosjekta. Ørskog-Sogndal er med sine 30 mil og 6 nye transformatorstasjonar det største kraftleidningsprosjektet i Noreg, framheld Vardheim.
Utbygginga av prosjektet starta på Moskog transformatorstasjon oktober 2011. Etter fem år med utbygging står Statnett sitt største prosjekt ferdig og anlegget er sett i drift. På tross av forseinkingar som følgje av usemje om val av trasé i Myklebustdalen, Bremanger, og utfordringar med vêr og terreng har prosjektet klart å oppretthalde framdrift ved å ha fleksible entreprenørar og eit spesielt godt samarbeid med dei regionale nettselskapa, skriver Statnett i meldinga.
-Det er berre eitt år sidan vi fekk tilgang til det siste området i Myklebustdalen, og eg vil rose entreprenørar og prosjektmedarbeidarar som har klart å gjere ferdig dette prosjektet trass i utfordringane og innanfor kostnadsramma, avsluttar Vardheim.
Prosjektet er, ifølge Statnett, ferdigstilt innanfor kostnadsramma med ein totalkostnad på 5,5 mrd NOK.