I desember vart det klart at Statens vegvesen gjekk vidare
med tre entreprenørar som var kvalifiserte til å gi tilbod på den omfattande
tunneloppgraderinga av Lærdalstunnelen.
Annonse
Dette var AF Gruppen, OneCo Infra og arbeidsfellesskapet Skanska og Vassbakk
& Stol. Også det seinare konkursramma Bertelsen & Garpestad søkte om
prekvalifisering, men blei avvist på grunn av manglande kvalifikasjonar.
Forhandlingar
25. februar leverte dei tre entreprenørane sitt første
tilbod.
Prosjektleiar Susanne Svardal i Statens vegvesen fortel til Byggeindustrien
at tida etter dette har vore brukt til å nøye gjennom gjennom tilboda, og hatt
møte med entreprenørane veka etter påske.
– Vi gitt tilbakemelding til entreprenørane på tilboda
deira, og på korleis dei ligg an samanlikna med konkurrentane. Oppgraderinga av
Lærdalstunnelen er lyst ut som ein einingspriskontrakt, og i motsetnad til ein
totalentreprise er det avgrensa moglegheiter for tilbydarane til å justere
tilboda ved å endre på utføring eller gjennomføring. Her må dei i større grad
forhalde seg til skildringane som er gitt i utlysinga av oppdraget, fortel ho.
Ingen kommentar
– Korleis ser tidsplanen ut for prosessen vidare?
– Vi har sett fristen for dei endelege tilboda til 22. mai. Det betyr at vi ser
føre oss å kunne signere kontrakt før sommarferien tek til, føreset at det
ikkje kjem inn klager på avgjerda. Planen er at den valde entreprenøren skal
kunne starte arbeida i september.
– Kva kan du seie om prisnivået på tilboda de fekk inn i
første runde?
– Det kan eg ikkje seie noko om. Vi held korta tett til valet av entreprenør er
gjort.
– Men du kan vel kommentere om tilboda ligg innanfor
forventa kostnadsramme for kontrakten?
– Nei, er Susanne Svardal sitt korte svar.
Statens vegvesen har tidlegare opplyst at heile
oppgraderinga av den 24,5 kilometer lange Lærdalstunnelen er kostnadsrekna til
rundt 2,6 milliardar kroner, og at kontraktsverdien på den no utlyste
hovudentreprisen er venta å liggje på rundt 1,5 milliardar kroner.
Omfattande arbeid
Cirka 100.000 kubikkmeter stein skal sprengjast ut i tunnelen,
for å bygge nye havarilommer, snunisjar og nye tekniske bygg. 28 nye tekniske
bygg skal på plass, to av desse ute i dagen.
I tillegg skal det sprengjast ein
ny ventilasjonstunnel ved sida av den gamle ut mot Tynjadalen, og nye
sjaktventilatorar skal installerast.
Alt av teknisk utstyr skal skiftast ut og oppgraderast til å
oppfylle dagens standard, og tunnelen får mellom anna 145 nye naudtelefoner
installert. Eksisterande elktroteknisk anlegg skal vere i drift i heile
anleggsperioden, og når det nye anlegget er testa og godkjent, skal det gamle
koplast frå.
Heile oppgraderinga skal vere ferdig utført hausten 2029.
Det er omfattande arbeid som snart skal ta til i Lærdalstunnelen. Foto: Terje Pedersen / NTBTerje Pedersen