Fire studentar med sommarjobb i Vegvesenet sommaren 2015. Fra venstre: Ida Romslo, Iris Kristin Koa, Mari Voll Dombu og Sara Waagen, her på befaring på ny bru over Dolmsundet i Sør-Trøndelag.
Foto: Tor Havnvik, Statens vegvesen
2 032 har søkt sommarjobb i Statens vegvesen
Det er relativt trygt å seie at Statens vegvesen tilbyr nokre av Noregs mest populære sommarjobbar.
Denne artikkelen er over fem år gammel.
- I fjor søkte 1825 sommarjobb hos oss og i år har vi slått den rekorden, seier Siri Hustad i seksjon for Langsiktig rekruttering i Statens vegvesen, i ein sak på etatens nettsider.
Vinn-vinn
Dei om lag 220 studentane som får sommarjobb i Statens vegvesen kvart år får verdifull erfaring på CV-en. Samstundes er dei ein ressurs for samfunnet. Forskar og transportplanleggar James Odeck hadde studentar frå tre universitet hos seg i fjor til å hjelpe med samfunnsøkonomiske analyser og var særs nøgd:
- Mine sommarstudentar gjennomfører nyttig arbeid som vi har direkte bruk for og som vi elles ikkje ville ha gjennomført med dagens kapasitet. Derfor brukar eg litt tid i forkant på å legge forholda til rette og sørger for at dei har det trivelegt når dei er her. Vidare bygger vi kompetanse innanfor våre fagfelt, og fleire vel å skrive sine masteroppgåver hos oss som følge av det. Slik bidreg vi òg til rekruttering, sidan studentane lærer kva vi jobbar med og kva sektoren har å tilby, og vi bidreg med opplæring generelt, seier Odeck.
Sektoransvar
Studentar med utdanning som vert sett som kritisk for Statens vegvesen, og som studerer ved utdanningsinstitusjonar Vegvesenet har samarbeidsavtalar med, vert prioritert. Hustad understrekar at Statens vegvesen er avhengige av den same gode kompetansen i den eksterne bransjen av både rådgivande ingeniørar og entreprenørar om Vegvesenet skal lukkast med samfunnsoppdraget sitt:
- Om studentane går til Vegvesenet eller til nokon av dei vi "konkurrerer" med på arbeidsmarknaden like etter studia er ikkje det mest avgjerande. Det viktigaste er at dei utviklar eit godt teoretisk grunnlag vi treng på alle sider av bordet, så dei er kvalifiserte for å vidareutvikle kompetansen i yrkeslivet. Vi veit at tilsette skiftar arbeidsstad fleire gonger i løpet av ei karriere, og dette tener vi alle på, seier ho.
Langsiktig rekruttering
Saman med samarbeidsorganet Næringslivsringen tilbyr Vegvesenet også i år ei spesiell ordning for førsteårsstudentar ved NTNU. Dette er studentar som har starta på det femårige studieløpet Bygg og miljøteknikk men som ikkje skal velje studiespesialiserande retning før andre året av utdanninga. Dei får ei vekes opplæring i moderne planleggingsverktøy og innføring i bransjens utfordringar ved NTNU før dei vert utplasserte hjå arbeidsgivarar i samferdslesektoren i ein sommarjobb. Dette er eit tiltak for å få dei til å velje den studiespesialiserande retningane Vegvesenet og sektoren treng.