Illustrasjonsfoto: Sindre Sverdrup Strand

Vil gi 27,4 millionar kroner til utsleppsfrie anleggsplassar

Regjeringa legg til rette for vidare testing av utsleppsfrie anleggsplassar i transportsektoren ved å foreslå å løyva 27,4 millionar kroner i statsbudsjettet for 2025, og 15 millionar i tilsegn for seinare år.

Publisert

– Pilotprosjekt for utsleppsfrie anleggsplassar er eit viktig tiltak for å dra i gang grøn omstilling av bygg- og anleggsbransjen. Anleggsplassane har eit større utslepp av klimagassar, og dette ønskjer regjeringa å få ned. Regjeringa legg til rette for mindre risiko og lågare kostnader, og det gjer det enklare å velja nullutsleppsløysingar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i ei pressemelding.

Departementet skriv at det er nødvendig å kutta utsleppa frå anleggsplassar i transportsektoren for at Noreg skal nå klimamåla sine.

– Utsleppa frå bygg- og anlegg frå transportverksemdene er om lag dobla sidan 1990.

– Det er dyrt for utbyggjarane å skaffa nullutsleppsmaskiner. Ei elektrisk gravemaskin kostar omtrent tre gonger så mykje som ei dieselgravemaskin. Dette er med på å gjera overgangen vanskeleg. Med vidareføringa av satsinga ønskjer me at fleire tek steget over på nullutslepp, seier Nygård.

Sidan 2022 har Stortinget løyvd pengar til pilotprosjekt for utsleppsfrie anleggsplassar i transportsektoren. Pilotprosjekta blir gjennomførte av Statens vegvesen, Bane Nor SF og Nye vegar AS.

Powered by Labrador CMS