Snora vart kutta av statsekretær i samferdselsdepartementet, Tom Kalsås (Ap). Han var flankert av ordførar Jenny Følling i Sunnfjord (f.v) og utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen, fylkespolitikar Trude Brosvik og Christian Rekkedal frå statsforvaltaren. Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen
Snora vart kutta av statsekretær i samferdselsdepartementet, Tom Kalsås (Ap). Han var flankert av ordførar Jenny Følling i Sunnfjord (f.v) og utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen, fylkespolitikar Trude Brosvik og Christian Rekkedal frå statsforvaltaren.

Har opna rv. 5 Kjøsnestunnelen

Onsdag 9. november klipte statssekretær Tom Kalsås snora på rv. 5 Kjøsnestunnelen. Hæhre Entreprenør har stått for utbygginga på vegne av Statens vegvesen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Dette er eit viktig prosjekt for å sikre ein svært rasfarleg strekning, og rassikring er ein viktig prioritet for denne regjeringa, sa statssekretær Tom Kalsås (Ap) frå samferdselsdepartementet, før han skar av snora framfor den 8,6 kilometer lange tunnelen i Sunnfjord kommune i Vestland.

– Tunnelen på rv. 5 mellom Sogndal og Skei (E39) er ein viktig brikke på hovudvegnettet mellom Sunnfjord og Indre Sogn, og Kjøsnesfjorden har lenge vore berykta for steinnedfall og fleire stygge ulykker grunna ras. Vegen er også viktigaste tilkomstveg til sykehuset i Førde for befolkninga i Indre Sogn, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen

– Dette veganlegget har vore særs velukka med tanke på framdrift og godt samarbeid mellom entreprenøren og Vegvesenet. Vi har også levert et veganlegg rundt 200 millionar under styringsramma vi hadde til rådvelde, sa utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen.

Totalkostnaden på anlegget enda på 1,1 milliardar kroner, medan ramma låg på 1,3 milliardar.

Hæhre Entreprenør AS har vore totalentreprenør på strekninga, og Hæhre sin prosjektleiar Ole Jakob Gjetrang kunne informere om at det ikkje har vore skadar som har ført til varig mein eller sjukefråvêr på anlegget.

– HMS-resultata våre er me svært nøgde med! I tillegg fekk me korona-pandemien med oss gjennom store delar av anleggsperioden, då sjukdomen slo til berre månader etter at me hadde starta på anlegget. Strenge hygienetiltak til tross, så klarte me å halde full produksjon på anlegget og gjennomføre på tida, sier Gjetrang.

Hæhre har hatt hjelp av Muliconsult på prosjektering og Otera Traftec har stått for elektroarbeidet i tunnelen. Kjøsnestunnelen er ei forlenging av den tidlegare Støylsnestunnelen som var på 2,1 kilometer.

Før Hæhre starta på jobben var alt eit tverrslag og noko av tunnelen sprengt ut for å sikre masse til å bygge E39 Bjørset-Skei, som opna for eit par år sidan. Den nye tunneldelen er på cirka 6,5 kilometer, og i den gamle tunneldelen vart det gamle elektroanlegget demontert, og nytt utstyr installert for å matche den nye delen.

Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen
Powered by Labrador CMS